Forfatter: Johne Eide

Stoisk latter: Eit forsøk på å vise at humor kan vere ein nyttig stoisk reiskap

(Illustrasjon: Giuseppe Porta 1540)

I denne teksten prøver eg å vise at stoisk praksis kan utvidast med humor. Stoisismen har som mål å frigjere oss frå makta til uvesentlege ting som rikdom og ære, frå dominerande negative kjensler og frå ønsket om å kontrollere det som ikkje er opp til oss. Min hypotese er at humor kan ha same mål, for vi kan le av oss sjølv og andre når vi jagar etter vind, eller lèt oss styre av kjensleimpulsane. Humor har også ein komplementær effekt fordi den er sosial, mens stoisk tanke er individuell, og humoren har dessutan lisens til å operere i ei gråsone mellom sanning og løgn. Den som kan kombinere stoisk ro med humor har to reiskapar å ty til her i livets kamp.     

Les mer