Filosofisk fredagsseminar, 13. mai 2011

Sjølv om mangel delar av filosofien til Merleau-Ponty er velkjend er det likevel fleire aspekt som sjeldan blir tatt fram. Ontologien hans hans er eit døme på dette. Der Phénoménologie de la perception, og kritikken av det kartesianske stadig blir trekt fram, er det annleis med det siste verket hans, Le visible et l’invisible. Dette siste blei diverre aldri fullført på grunn av Merleau-Pontys plutselege død, og det inneheld mange lause trådar. Men kanskje er det nett difor dette er ein interessant plass å byrje dersom ein vil artikulere ein fenomenologisk ontologi.
Føredraget mitt tar utgangspunkt i ein artikkel i Filosofisk supplement under overskrifta Fram frå gøymsla, og eg skal freiste å teikne opp to viktige aspekt ved Merleau-Pontys ontologi og korleis den heng i hop med den meir kjende filosofien hans. Eg vonar òg å skissere moglege problem og moglege vegar derfrå.

Tid: 13. mai 2011, kl. 18.15-20
Sted: Seminarrom 219, Georg Morgenstiernes hus
Tittel: Merleau-Ponty og ontologien
Foredragsholder: Jon Furholt, ???