Filosofisk fredagsseminar, 11. april 2014

———Bilde: Saint John…, Albrecht Dürer———

Korleis må verda vere for at livet skal ha ei meining? Mange, både truande og ateistar, har meint at livet objektivt sett må vera meiningslaust om det ikkje finst ein allmektig gud. Men sjølv om Gud finst, korleis kan Han gjere livet vårt meiningsfullt om det ikkje finst ein uavhengig standard for meining og verdi?
Ronald Dworkin har i sine siste verk argumentert for at verken naturalistiske eller teistiske verdssyn kan gi oss tilfredsstillande svar. Han hevdar at meininga med livet er å leve godt – og at kva det vil seie å leve godt ikkje kan utleiast frå naturvitskaplege eller teologiske fakta. Dworkins eige alternativ er, etter hans eige utsegn, både religiøst og ateistisk, og grunnlagt på ein ikkje-naturalistisk form for etisk realisme.

Seminaret vil rekonstruere og motivere Dworkins syn på meininga med livet og plassere dette synet i ein større filosofisk kontekst. Dette vil mellom anna innebere å ta opp kva etisk refleksjon kan og bør vere og korleis slik refleksjon kan bidra til eit meiningsfullt liv.

Tid: 11. april 2014, kl. 18.15-20
Sted: Seminarrom 219, Georg Morgenstiernes hus
Tittel: Naturalismen, religion og meininga med livet
Foredragsholder: Runar Mæland, ???