Filosofisk fredagsseminar, 9. mars 2012

I dette foredraget vil eg gje eit kort oversyn over Jean-Jacques Rousseau (1712-1778) si tenking. Eg vil presentere korleis Rousseau kritiserer tidlegare filosofering over naturtilstanden og gjennom dette freiste å vise at trass i eit rykte som romantikar er det grunn til å rekne Rousseau som ein radikalt moderne tenkjar. Tvisynet til Rousseau ligg mellom anna i det at han viser oss at det som fører oss ut av naturtilstanden og over i ein korrumperande sivilisasjon også er det som opnar auga våre for det ideale samfunn. I forlenginga av dette skal eg vise at Rousseau er blant dei fyrste som kritiserer rettferdiggjering av fornufta som viser til at denne skal fungere reint instrumentelt (Bacon, Hobbes); for Rousseau er fornufta også målsetjande og ei rettferdiggjering av fornufta er på avgjerande vis knytt til refleksjon rundt målet fornufta set opp for oss. Denne tanken inspirerte på avgjerande vis Kant og avslutningsvis vil eg ta opp korleis Rousseau sine arbeid påverka den tyske idealisme. Til skilnad frå Kant ser Rousseau fornufta som i stadig utvikling og grunnleggande sett historisk-sosialt situert, men har vi noko grunn til å rekne med at denne utviklinga går i rett lei?

Tid: 9. mars 2012, kl. 18.15-20
Sted: Seminarrom 219, Georg Morgenstiernes hus
Tittel: Rousseau sitt tvisyn – fornufta som problem og løysing?
Foredragsholder: Kjell Sindre Schmidt, ???