Er skatt ufridom?

Dei vanlegaste argumenta for skattelette i norsk politisk debatt er instrumentelle: Politikarar på høgresida ønskjer lågare skatt for å oppnå høgare arbeidsdeltaking, meir verdiskaping og liknande. Ideologiske liberalistar nøyer seg derimot ikkje med denne typen argument. Dei meiner at skatt er eit inngrep i fridomen vår, og at eit lågare skattenivå difor vil gi oss meir fridom, noko som er godt i seg sjølv. Det er denne prinsipielle argumentasjonen eg vil drøfta i dette innlegget. Spørsmålet som driv drøftinga er om det i det heile tatt finst ein haldbar måte å forstå argumentet på.

Kva kan vera meint med at skatt er ufridom? Eg vil byrja med å vurdera tre nærliggjande tolkingar: (1) Skatt er institusjonalisert tjuveri, og tjuveri er eit inngrep i eigedomsretten og dermed fridomen vå. (2) Skatt gjer at me har mindre pengar enn me elles ville hatt, og mindre pengar betyr mindre fridom. (3) Mindre skatt gir ein mindre stat og dermed meir fridom. Eg vil hevda at ingen av desse tolkingane tillèt liberalisten å seia det ho ønskjer å seia. Etterpå vil eg føreslå ei fjerde og meir rimeleg tolking, som likevel gjer at argumentet blir sterkt avgrensa og mindre sikkert.

Den første tolkinga ligg til grunn for eit velkjent liberalistisk argument mot skatt: (1) Skatt er tjuveri; tjuveri er galt; ergo er skatt galt.1 Men dette argumentet tilseier at all skatt må avskaffast, og at ein må finna andre måtar å finansiera staten (om ein i det heile tatt vil ha ein stat).2 Det er derimot ikkje eit haldbart argument for lågare skatt.

Om skatt er eit vonde fordi det inneber at du blir stolen pengar frå, er det nemlig galt uansett kor mykje staten stel. Om ein innbrottstjuv stel verdiar for kr 5 000,- frå huset ditt, har dette mindre konsekvensar for privatøkonomien din enn om han stel verdiar for kr 15 000,-. Men begge delar er like mykje tjuveri; begge delar er like mykje eit inngrep i eigedomsretten din, og dermed like mykje eit inngrep i fridomen din. På same måte vil ein skattesats på 25% vera like mykje eit tjuveri som ein skattesats på 50%.

Sagt på ein annan måte: «Tjuveri er galt» dug som eit argument mot at innbrottstjuven skal få sleppa inn i huset ditt; men viss du først tillèt tjuven å sleppa inn, kan du ikkje bruka «tjuveri er galt» som eit argument for at han skal stela 5 000,- heller enn 15 000,-. Om ein først tillèt at staten skal få stela frå borgarane, må ein ha andre grunnar for å hevda at dette tjuveriet bør vera mindre heller enn større.

Eit alternativ er då å seia at tjuveri ikkje er absolutt galt, og at ei viss skattlegging kan reknast som ein form for tillateleg tjuveri gitt alternativa, på line med det å stela eit brød om alternativet er å svelta i hel. Då er det rimeleg å seia at ein ikkje kan stela meir enn absolutt nødvendig; du kan ta eit brød, men ikkje russisk kaviar til pålegg. Men då blir det vesentlege spørsmålet nettopp kva som er absolutt nødvendig – det viktige er ikkje i seg sjølv kva eller kor mykje som blir stole, men kvifor nokon stel. Dette peikar i retning av eit anna syn på skatt og fridom, som eg kjem tilbake til når eg legg fram den fjerde tolkninga mot slutten av innlegget. Sett bort frå dette slår det meg ikkje som plausibelt å likna skattlegging med ein slik moralsk nødrett, all den tid skatt nødvendigvis ikkje er eit unntak, men planlagt og institusjonalisert.

Eit anna alternativ er å gå over til den andre tolkinga av påstanden om at skatt er ufridom: (2) Mindre pengar betyr mindre fridom. Då kan ein utan problem seia at eit større tjuveri likevel er eit større inngrep i fridomen vår enn eit mindre tjuveri, og på same måten kan ein argumentera for at meir skatt er eit større inngrep i fridomen vår enn mindre skatt, nettopp fordi det gjer at me har mindre pengar mellom hendene.

Merk at ut frå denne tolkinga er det ikkje eigentleg inngrepet i seg sjølv som tar frå deg fridom (tjuveriet eller skattlegginga), men det at du sit att med eit mindre økonomisk handlingsrom som følgje av inngrepet.Om ein vil argumentera slik, må ein difor akseptera ein generell samanheng mellom økonomi og fridom – det kan ikkje berre gjelda i tilfellet med skatt. Det må òg innebera at ein får mindre fridom om ein av ulike grunnar må gå ned i inntekt, anten fordi arbeidsgivaren din må kutta lønekostnader eller fordi staten må kutta overføringar for å finansiera skatteletter. Difor: Om det til dømes er nødvendig å kutta i trygder eller offentlege arbeidsplassar for å kunna senka skattane, gir det ingen nettogevinst i fridom å senka skattane. Det å senka skattar (og kutta overføringar) og det å auka overføringar (og heva skattar) vil altså ut frå denne tolkinga vera ekvivalent med omsyn til målet om gi folk meir fridom; forskjellen vil berre vera fordelinga.3 Difor gir det ikkje meining å argumentera slik for lågare skatt.

Ei tredje mogleg tolking, som harmonerer betre med dei øvrige forpliktingane til liberalisten, er: (3)Mindre skatt gir meir fridom fordi det gir ein mindre stat (og dermed større privat handlingsrom). Men då har ikkje skatten i seg sjølv lenger noko med saka å gjera. Det er fullt mogleg å kombinera ein liten stat med høg skatt, om styresmaktene til dømes krev inn pengar berre for å destruera dei eller for å kosta luksusgoder på seg sjølve, utan å auka verkeområdet til staten.4 Om storleiken på staten er det som tyder noko for kor stor fridom me har, må ein difor ha eit anna grunnlag for å argumentera for lågare skatt.

Eit anna problem er at det synest urimeleg berre å fokusera på storleiken av staten, altså kor mykje staten gjer. Sett at du har to land som begge reduserer omfanget av staten like mykje og senker skattane med 10% – det eine landet ved å kutta i statskyrkja og kongehuset, det andre ved å kutta i rettsvesenet – har begge landa då auka fridomen til borgarane like mykje? Eg tippar dei fleste vil svara nei. Det peiker mot at det speler ei rolle kva staten gjer, ikkje berre kor mykje staten gjer.

På bakgrunn av dette vil eg føreslå ein annan måte å gå fram på, som kan henda fører oss lenger i retning av eit godt argument for at mindre skatt tyder meir fridom enn dei tidlegare føreslåtte tolkingane.5 Forslaget er å flytta fokus til føremålet med skattlegginga: Me kan prøva å skilja mellom slik skattlegging som grip inn i fridomen vår og slik skattlegging som ikkje gjer det på grunnlag av kva skatten blir brukt på og korleis han påverkar forholdet mellom borgarane og staten i det politiske fellesskapet. Dette inneber sjølvsagt ei avgrensing av argumentet: Sidan ein innrømmer at ein viss type skatt ikkje grip inn i fridomen vår, kan ein ikkje hevda at skattelette alltid eller nødvendigvis gir meir fridom. Argumentet kan likevel vera praktisk relevant om ein kan sannsynleggjera at det å senka skattenivået vil føra til at ein får mindre av den fridomsfrårøvande typen skatt, anten generelt eller i eit gitt tilfelle.

Ein måte å trekka det relevante skiljet på (sikkert ikkje den einaste måten, men eg føreslår denne måten for å tankane i gang) har røter i ei liberal tolking av Rousseau og Kant. Ein felles tanke hos desse tenkarane er at visse lover og institusjonar – og dermed skattlegginga som desse krev  er nødvendige for å sikra statusen vår som sjølvstendige og likeverdige borgarar. Desse kan me sjå som uttrykk for allmennviljen.6 Å vera underlagt nokon andre si vilje er å vera ufri; å vera underlagt allmennviljen er derimot sjølve føresetnaden for å vera uavhengig av andre si tvingande vilje, og er dermed ein tilstand av fridom, ikkje ufridom.7

Kva slags skattlegging kan me rettferdiggjera på denne måten? Dei fleste vil vera samde om at det i alle fall gjeld finansiering av rettsvesen, politivesen, demokratiske institusjonar, eit sosialt tryggingssnett og utdanningstilbod. Mange vil òg meina at det gjeld ytterlegare velferdstilbod og ei viss støtte til sivilsamfunnet for å sikra motvekter til staten og marknaden. Kor grensa går er ikkje det viktige her og no. Det viktige er at det går ei grense, og dersom me blir skattlagt utover denne grensa, er me ikkje lenger berre underlagt allmennviljen – me er underlagt viljen til ei gruppe av makthavarar. Skattlegging som går utover det som er nødvendig for å sikra statusen vår som frie og like borgarar kan dermed heilt rimeleg reknast som inngrep i fridomen vår – ja, til og med som tjuveri om me vil vera så dramatiske.

Med eit slikt syn på fridom og skatt kan ein altså ikkje hevda at mindre skatt nødvendigvis gir meir fridom; det er avhengig av kva skatteinntektene blir brukt på. Nokon vil meina at dette gjer argumentet ubrukeleg for liberalisten, fordi det har som konsekvens at eit land med veldig låge skattar likevel kan vera ufritt fordi det bruker skatteinntektene feil, medan eit anna land med høgare skattar kan vera meir fritt.

Sjølv om argumentet slik blir meir avgrensa og usikkert, kan det likevel vera dugande. Liberalisten kan hevda at under rimelege og realistiske føresetnader vil lågare skatt disiplinera politikarane til å prioritera det mest grunnleggande (gitt eit ope demokratisk system og politisk press), medan eit høgare skattenivå gir rom for sløsing og feildisponering som undergrev statusen til borgarane som frie og likeverdige. Om ho kan sannsynleggjera dette, kan liberalisten likevel argumentera for at mindre skatt normalt gir meir fridom.8

Noter

[1] Andre vil heller samanlikna skatt med tvangsarbeid eller utpressing. Det påverkar ikkje det eg har å seia om argumentet her – det sentrale er uansett at skatt blir sett på som ein form for tvang eller skade i statleg regi, som ville vore kriminell i privat regi.

[2] Dette tar eg altså ikkje stilling til her. Michael Huemer har nyleg argumentert for at staten ikkje har større autoritet til å ta krevja pengar av oss enn nokon røvarbande, i boka The Problem of Political Authority (Basingstoke/New York: Palgrave McMillan, 2013). For eit samandrag av og ein livlig debatt om Huemers argument, sjå Cato Unbound frå mars 2013: http://www.cato-unbound.org/issues/march-2013/authority-obedience-state.

[3] Den kjente sosialistiske filosofen G. A. Cohen har argumentert for at samanhengen mellom fridom og økonomisk handlingsrom held, og han ser dette som eit argument for radikal omfordeling – altså meir, ikkje mindre skatt – fordi fridom bør vera likt heller enn ulikt fordelt. Sjå artikkelen «Freedom and Money» i G. A. Cohen, M. Otsuka, red., The Currency of Egalitarian Justice and Other Essays in Political Philosophy (Princeton, NJ: Princeton University Press, 2011). Igjen, eg argumenterer verken for eller mot dette her – eg vil berre visa vanskane med den typiske liberalistiske posisjonen i skattedebatten.

[4] Ein slik politikk høyrest jo vanvitig ut, men det lar seg fint forsvara om ein ser det primære føremålet med skattlegginga som å unngå økonomiske skilnader (eller å motverka ein type forbruk) framfor å finansiera offentlege tenester. SU-leiar Andreas Halse har sagt at «Om man tok inntektene fra eiendomsskatten og kastet de [sic] på sjøen, ville jeg fortsatt vært for»; sjå http://politisk.tv2.no/spesial/panelet/sporsmaal/hva-er-det-med-eiendomsskatt. I prinsippet kan nokon som er for ein liten stat dela eit slikt syn på skatt.

[5] Eg har sjølvsagt ikkje gitt ein uttømande katalog av moglege tolkingsretningar. Her er eg nøgd om eg her har vist at det krev meir enn ein kanskje skulle tru å gi ei haldbar framstilling av argumentet.

[6] Me må altså ikkje forstå allmennviljen som folkemeininga eller noko liknande. Kant forstår allmennviljen som det alle i samfunnet rasjonelt kan samtykka til konsistent med sin eigen fridom; sjå «The Doctrine of Right,» første del av The Metaphysics of Morals i Practical Philosophy, red. og oms. M. Gregor (Cambridge: Cambridge University Press, 1996). Dette er ei utvikling av ideen Rousseau legg fram i The Social Contract, oms. C. Betts (Oxford: Oxford University Press, 1994).

[7] For eit godt forsvar for (og ei god utlegging av) dette synet på fridom og autoritet hos Kant og Rousseau, sjå i A. Stilz, Liberal Loyalty: Freedom, Obligation, and the State (Princeton, NJ: Princeton University Press, 2009), særleg kapittel 2 og 3.

[8] Takk til Jørgen Dyrstad for gode innvendingar og innspel på eit utkast til dette innlegget, som hjelpte meg til å gjera det ferdige innlegget vesentleg betre.

No comment yet, add your voice below!


Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Comment *
Name *
Email *
Website