Den ontologiske skilnaden mellom film og teater

Eg vil med dette blogginnlegget påpeike nokre skilje mellom korleis skodespel utførast og fungerer i teater kontra film. Eg vil ta utgangspunkt i filmteoretikaren Stanley Cavell sine tankar om fotografiet sin ontologi og argumentere for at film og teater er ontologisk ulike: Medan teateret «skjer» på eit bestemt tidspunkt, i eit synleg avgrensa rom, opplevast film som ein mekanisk reproduksjon av verda. Målet med denne teksten er å syne dette gjennom skodespelaren. I byrjinga vil eg drøfte nokre generelle prinsipp som ser ut til gjelde for begge typane skodespel, for så undersøkje dei nærare kvar for seg.

Skodespelaren

Uavhengig av om det er i ein film eller eit teaterstykke skodespelaren opptrer, kjem han ikkje unna at han finnast i to verder på same tid. Han er ein del av den verklege verda, som han har felles med publikumet i salen eller kameraet, og i begge tilfelle, regissøren. I denne verda har han rolla som skodespelaren, og har som oppgåve å formidle noko til nokon andre. Den andre verda han er i, som karakteren hans er ein del av, er den fiktive verda. Både skodespelaren og publikumaren er heile tida klare over denne dobbeltrolla, men forholdet mellom dei er ontologisk ulikt alt etter om det er film eller teater det er snakk om.

Cavell tek for liknande tema i «The world viewed». Her drøftar han fotografiet og viser det ontologiske paradokset som ligg til grunn for det:

«The reality in a photograph is present to me even though I am not present to it; and a world I know, and see, but to which I am nevertheless not present (through no fault of my subjectivity), is a world past.» (Cavell:23)

Han tek utgangspunkt i at fotografi er mekaniske reproduksjonar av verda, som gjer at vi ser ting som ikkje er til stades (Cavell:20–21) For han er det mogleg å påstå at når vi ser på eit fotografi, så ser vi på noko som ikkje er notidig. Likevel er det slik at sjølv om det fotografiet syner ikkje er tilgjengeleg for oss, verken i tid eller rom, har vi for oss eit heilt konkret fotografi, her og no, som viser oss noko som har vore. For Cavell er fotografiet ein reproduksjon av eit utsnitt av verda, og ikkje ein projeksjon, slik som eit måleri må vere. Desse tankane er relevante for skilnaden mellom film og teater, av den grunn at førstnemnde også består av mekanisk reproduksjon, og sistnemnde alltid vil vise noko som ikkje er, eller har vore.

Teater

Noko av det viktigaste for ein teaterskodespelar er at alle i publikum faktisk får med seg det han prøvar å uttrykkje. Han må altsåposisjonere seg slik at ein alltid kan sjå ansiktsuttrykk og andre kroppslege rørsler. På same tid må røysta hans kunne høyrast av så vel dei som sit lengst frå scena som dei som sit nærare. Dette må skje utan at kjensla, eller opplevinga av at det som skjer på scena er «verkeleg» forsvinn. I teateret må altså skodespelaren i stor grad syte for at publikum får med seg handlinga og det som vert sagt. I The World Viewed formulerer Cavell dette problemet slik: «The audience in a theater can be defined as those to whom the actors are present while they are not present to the actors» (Cavell:25). Det ligg altså eit paradoks til grunn for den stillinga skodespelaren er i når han spelar ei rolle. Han må aktivt få publikumet til å skjøne at dei, for han, som karakteren, ikkje finnast. Altså må han uttrykke seg overfor dei som om dei ikkje var der.

Film

Også filmskodespelaren må fornekte realitetane som ligg til grunn for jobben han gjer, men dette skjer på litt andre måtar enn i teateret:

  1. han må fornekte kameraet (og ikkje eit levande publikum) sin eksistens i røynda til den fiktive verda, medan;
  2. han må tillate kameraet å fange opp nyansane i framføringa.

I filmen treng skodespelaren i mindre grad å leggje framføringa til rette for at publikum skal få den med seg. Såleis treng skodespelaren berre å direkte vende seg mot ting eller andre personar i den fiktive verda. Kameraet opnar i stor grad opp for moglegheita for detaljar og nyansar i måten ei rolle vert framført og kjensler uttrykt på. Det er ikkje behov for dei store rørslene, eller den kraftige røysta, slik som i teateret. Den jobben som skal utførast vert difor teke ned på eit mykje nærare plan, og det som sjåarane får oppleve vil dermed vere tilsvarande annleis.

Til forskjell frå teateret vil det essensielle i filmen vere samspelet som skodespelaren si rolle har med den fiktive verda som utgjer filmen. Han treng ikkje  alltid å vere vend ein spesiell veg, eller bekymre seg for at stemma er sterk nok. Dersom vi nok ein gong går tilbake til opphevinga av skiljet mellom den fiktive og den verkelege verda, ser vi at vi med film ikkje har like stor tilgang til det som skjer, som i teater. Vi opplev i staden filmen på ein måte som er mykje meir distansert. Vi får sjå det skjer, men vi er sjølv på ingen måte, og kan heller ikkje, vere der det skjer, eller når det skjer, slik som i teateret. På den andre sida har filmen eit mykje større spelerom til å skape si eiga verd, med stor utstrekning i både tid og rom.

Konklusjon

Skilnadane mellom teater og film finnast i at teaterskodespelaren må forholde seg til eit levande publikum, medan filmskodespelaren ikkje må gjere det på same måte. Cavell sine ontologiske drøftingar over fotografiet sin mekaniske reproduksjon av verda som utgangspunkt når han drøftar skilja mellom film og teater viser korleis desse formene for skodespel må relatere seg ulikt til den fiktive og den verkelege verda. Teateret sin ontologi dreiar seg om det som er her og no, i ei verd som er avgrensa av kulissane, medan det for film dreiar seg om noko som på ein eller anna måte har vore, og som har skjedd i verd som er større enn det vi får auge på.

 

Litteratur

Cavell, S. 1971, The World Viewed, Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts.

No comment yet, add your voice below!


Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Comment *
Name *
Email *
Website